Om meg

Twitterdikt

Skriving

Eg skriv tekstar i form av kortdikt, aforismar og andre underfundige formuleringar. Mi første bok blir utgitt på Skald forlag hausten 2017 og blir illustrert av Per Ragnar Møkleby. Sjå www.skald.no.

Er tidvis aktiv på Twitter (@mvelle). Vann i 2013 twitternovellekonkurransen #nynov (Nynorsk i 140) arrangert av Deichmanske bibliotek:

I 2015 vann eg tilsvarande #nynov-konkurranse, då arrangert i samarbeid med NRK Bok:

ingendrope

Fotografering

A butter cup taken with my Tamron macro 90 mm lens early in June.

Eg er ein fotoentusiast som tek bilete med Nikon D610-kameraet mitt. Eg tar fotografert i mange år, men fekk ei fornya interesse i 2015, då faren min lånte meg nokre gamle linser. Desse hadde tilhøyrd hans far, Martin Velle, som var yrkesfotograf i Ørsta.

I fotoveska har eg som regel ei Tamron SP AF 90mm f/2.8 Di 1:1 Macro. Andre linser eg brukar er Nikon 24mm f/2.8 AF-DNikon 50mm f/1.8 D, Nikon PC-Nikkor 35mm f/3.5 og Sigma 12-24mm f/4.5-5.6 EX DG HSM II. I tillegg brukar eg av og til ei Nikon 70-210mm f/4-5.6 AF-D eller bestefar si manuelle Nikon 80-200mm f/4.5.

Nettsida mi viser eit utval av bileta eg tek. Du kan finne fleire bilete på Instagram-kontoen min@mvelle68. 

Musikk

MorgenfuglcoverI 2006 gav eg ut plata Morgenfugl under namnet Morgenfugl. Eg stod for musikk og tekstar, og Dorthe Aske stod for vokal. Plata vart produsert av Helge og Tarjei Nysted. Du kan høyre plata på strøymetenester som Spotify, Tidal og Apple Music.

Les om plata på Rockipedia