Mot sola

Dei seier at midt på dagen, når sola står øvst på himmelen, er den verste tida å ta bilete. Men det kjem an på kva ein vil gjere. Eg likar å ta bilete mot sola for å få til spennande lys- og fargeeffektar.

I går føremiddag, gjekk eg ein tur i Bråteskogen ovanfor Skjetten, og vidare gjekk eg ein tur langs Nitelva i Lillestrøm. Alle bileta er tekne med 90 mm-linsa mi frå Tamron.

Straws by the river Nitelva in LillestrømStrå ved Nitelva, teke mot sola.

A pine branch against the sun and the snow.
Ei furugrein mot sola og eit blått lys over snøen.
Portrait of a pine branch.
Portrett av ei furugrein.
A little tree and it's shadow.
Små busker kan kaste lange skuggar.
Just snow. And shadows.
Snø og skuggar.
More pinewood.
Likar godt fargane eg fekk til mot sola her.
Filtered sun.
Sola filtrert gjennom furugreiner.
Unfiltered sun
Ufiltrert sol.
Good wood mood.
Sola gjennom greinene.
Ice on the water.
Nitelva er islagt.
Just ice.
Mønster i isen.
By the river.
Eg veit ikkje kva denne vegetasjonen heiter, men han er ganske spesiell.
Vegetation and ice.
Vegetasjon og is ved elva.
Nice ice structure.
Fine mønster av is og snø.
Share this article:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *